Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mimretid: Kløverturar vinteren 2017

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. mars 2020

Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar kvar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.  

Mange saknar Kløverturane. Og sidan det er måndag og kløverturdag, passar det å mimra med nokre bilete frå dei første turane i 2017. Håpar det kan inspirere til å ta ein tur ut! GOD TUR!

Bilete frå første Kløverturen 13.02.2017 i Kvennsetlia og opp til Løfta:

Oppå Løfta. Frå venstre: Gudmund, Wenche, Eli, Jorunn, Åse, Synnøve, Berit, Dordi, Marit, Ingunn, Kari. Foto: Dordi J H

Her er Lovise og Kari. Foto: Dordi J H

Rundt bordet i Kaffekroken på Hals. Det var bakelsdag og Karen Johanne var bakelsteikar. Mange gler seg til at Kaffekroken kan opne igjen! Foto: Dordi J H

Heldigvis er det anbefalt å gå ut på tur berre ein held avstand frå andre, og her i Todalen er vi heldige, vi kan bruke nærmiljøet. Det er så utruleg mange fine turområde; både nede i bygda etter vegane eller  langs elva, etter skogsvegar eller skogsstigar i liene på båe sider av dalen. Det er god plass til alle, ein treng ikkje å gå i kø!

Bilete frå Svinvikrunden:

Ved turbokkassen i Gammelvegen. Det er ikkje anbefalt å skrive namnet sitt no. Foto: Dordi J H

Det gjer godt å gå motbakkar! Fremst Jorunn og Eli. Foto: Dordi J H

Fin kvileplass til Jorunn og Synnøve. Foto: Dordi J H

Svinvikrunden er eit fint og populært turmål, men Friluftsrådet oppfordrar folk til ikkje å skrive seg inn i turbøkene no. Dette for ikkje å medverke til å spreie smitte av koronaviruset.

Fleire turbilete: 

Runde frå Hals, om kraftverket og gjennom bustadfeltet. Ein riktig fin vinterdag! Foto: Dordi J H

Frå tur oppå Tjønnmyrå:

Fint turområde både sommar og vinter. Fremst: Arndis og Åse. Foto: Dordi J H

Kaffepause i sola er triveleg! Gapahuken på Tjønnmyran. Foro: Dordi J H

Frå tur uti Haltbakkan og rast i gapahuken:

Ved turboka i Haltbakkan. Fin plass og fin turrute. Kari, Åse og Åse Johanne. Foto: Dordi J H

Kaffepause med rom for triveleg prat høyrer med når ein er ute på tur! Foto: Dordi J H

20. februar var ein retteleg styggversdag, lite freistande å ta ut på tur! Men tur vart det lell, om ikkje så mange var med.

Til slutt eit bilete frå Kvennsetlia med utsikt utover Todalsfjorden:

3. april 2017. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 30. mars 2020, 00:06