Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mildvêret fortsett neste veke

Mildvêret fortsett neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2012

Mildvêret dei siste dagane har gjort at vegen er på det nerast bar utover stranda. Men det er ein god del is i vegkanten, og det lønner seg å være litt forsiktig når du kjem rundt svingen. Det kan plutseleg ligge is i vegbanen. Langtidsvarselet på Yr.no lovar mildvêr og regn fram til neste helg, da det blir kaldare og går over i snø. Rundt bygda er det ein god del is i vegbanen, og dermed noko sporete. Kjør forsikig, for det oppstår lett farlege situasjonar. Kanskje Kolo Veidekke kan ta en tur med vegskråpa og ordne på dette?

Først publisert: 11. februar 2012, 17:26 - Sist oppdatert: 12. februar 2012, 00:35