Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mild  januarmånad

Mild januarmånad

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. februar 2011

I sterk kontrast til den kalde desembermånaden så vart januar ein rekordarta mild månad. Målingane til Jon Bruset viser at det var heile 24 dagar at maksimumstemperaturen viste varmegrader. Den 29. januar var den varmaste dagen, da  gradstokken viste +8,3 grader. Januarrekord etter målingane han starta med for over 20 år sidan er +14,9, som var registrert i 1995. Den kaldaste dagen var 14. januar, da det vart registrert -15,2 som og var den einaste dagen at temperaturen kraup under ti-talet.

I januar i fjor var det heile 15 dagar at temperaturen under -10, med månadsrekord på -22, 3 grader. da var det 7-8 dagar i trekk at temperaturen var under 15 kuldegrader. Den milde januarmånaden i år vil nok gje utslag  både på strømforbruket og strømprisen til forbrukaren fordel, slik det ser ut.

Den milde månaden kjem nok godt med for Statkraft som denne uka har 36,5 % igjen i magasina, sammenlikna med 50,8 % til same tid i fjor. Normalen er 62,5 %. Straumprisen på Norpoolens børs er laurdag ca 47 øre pr kWh.

Publisert: 5. februar 2011, 06:00