Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Middag med ordføraren på besøk

Middag med ordføraren på besøk

Ole Petter Talgø Onsdag 7. september 2011

Eldremiddagen har starta oppat etter sommarpausen, og i dag var det sildball som stod på menyen. Det var rundt 30 personar som var møtt fram til middag, blant dei ordførar Mons Otnes og eldrerådet i Surnadal. Ordføraren skulle i utgangspunktet vere med på middag i vår, men vart forhindra frå å koma.

Etter at Reidun Østvik hadde ønska velkommen, kom maten på bordet – sildball med flesk, kålrabi, gulrot og potet. I tillegg vart det servert fruktcocktail til dessert og eplekake til kaffen. Maten vart lovprisa, og Mons Otnes fortalte at sildball er blant favorittane av mat, og denne kunne vore servert kongen. Kokkane fikk overrekt blomster som takk. Ordføraren hadde også med seg ein gave frå Surnadal Kommune, 7000 kroner til driftinga av eldremiddagen.

Publisert: 7. september 2011, 22:50