Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mesternes  mester

Mesternes mester

Britt Mossing Måndag 21. juni 2010

Elevane på Todalen oppvekstsenter avslutta skuleåret med å kåre «Mesternes mester». Her var det mange varierte øvingar der elevane fekk testa både
hurtigheit, styrke, kondisjon og presisjon. Etter å ha halde ballongen på strak arm i opp til 10 minutt, var det mange stive musklar. Vidare gjekk
det slag i slag med hoppetau, ballkontroll med bortennisball, armstyrke, sitting ved vegg utan stol med 90 grader bøy i knea, og flytting av
erteposar på tid. Midt på dagen var det velfortent pause med bakels og frukt, før vi avslutta ute med ballkast og terregløp.
Etter å ha kjempa seg gjennom 8 øvingar med topp innsats, sto vi att med to vinnarar og velfortent skuleferie for alle!
Sjå bildegalleri nedafor. Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 21. juni 2010, 22:15