Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mestå  skummelt,  faktisk…..

Mestå skummelt, faktisk…..

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2013

På heimtur fra kaffebesøk hos naboen oppdaga eg skummelt besøk ved redaksjonslokala. Tenkte først på ransbølga i Oslobøgda, men oppdaga fort at dei var meir troskyldinge og vennlegsinna enn som så. Klarte iallfall med litt sjokolade å opprette ein god kommunikasjon med gjengen, sjølv om dei så skumle ut i førstninga. Klarte også å overtale gjengen til å bli med på fotografering, slik at eg fikk sikra meg bevis med eit bilete.

Feiringa av Halloween har amerikansk opprinning, men har etter kvart breidd om seg også i Europa, Norge og til og med i Todalen. Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag eller helgemesse, som er den katolske minnefesten for helgenar og martyrar. Historia om Halloween kan du lesa meir om på Wikipedia om du vil.

Publisert: 31. oktober 2013, 21:00