Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mesta grønsåpelukt etter vaskinga i går

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. oktober 2014

Vi hadde tirsdag ei sak om reingjering av Svinvikstunellen. Det har i ettertid vore reaksjon på at det var mykje skum og litt lukt fra elva som renn ned innafor tunellen. Vi tok derfor kontakt med Jogeir Ringstad hos Vakumentreprenøren, firmaet som utførte arbeidet med reingjering av tunellen. Det vart nemleg bruka store mengder med vatn i forbindelse med vaskearbeidet, og vi stillet sjølvsagt spørsmålet om dei køyrde lorten og kjemikaliane direkte i elva?

IMG_20140422_180753

Det var ein del skum i elva etter rundtvasken i tunellen. Foto: privat

Jogeir Ringstad fortalte at dei hos Vakumentreprenøren som har kontrakt med Vegvesenet har klare og kvalitetssikra prosedyrer for hvordan dette arbeidet skal skje. Dei brukar vanleg vatn til å vaske tunellen med, men der det er bruka duk i tak og veggar må dei bruke litt såpe for å løyse opp lorten. Til dette er det bruka ei mild svanemerka grønnsåpe, som blir blanda i vaskevatnet. I samband med vaskinga suger dei opp så mykje som muleg av vaskevatnet frå vegbanen, men noko av vatnet går sjølvsagt i dreneringssystemet til tunellen. I vakumvogna blir slammet skilt ut og blir levert til ein samlestasjon på Vestnes. I Svinvikstunellen var det rundt 300 kg med slam denne gongen, og det er uvanleg lite – men har nok si årsak i at det er liten trafikk her, samanlikna med andre tunellar. Vatnet som renn ut gjennom tunellens dreneringssystem går også gjennom ein oljeskiljar før vatnet har sitt utløp i elva.

IMG_20140422_180806

Det er bruka litt svanemerka mild grønsåpe under reingjeringa av den delen av tunellen som har duk i tak og veggar. Foto: privat.

 

Publisert: 22. oktober 2014, 16:00