Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Melodiminne på CD

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. desember 2014

Denne veka har Todalskoret og Åsskard kyrkjekor starta salet av den nye CD’en «Melodiminne».  CD’en er ny, men musikken er gammel og velbruka, men vel verdt både å ta vare på og å høre på. Det er Bernt Bøe, som er dirigent for begge kora, som er produsent og som har stått som produsent, og no får du kjøpt den mellom anna på Matkroken Todalen.

Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Foto: Bernt Bøe

Det er mange kjente og kjære melodiar på CD’en, og du kjenner nok att melodiar og tekster både frå Ønskekonserten og for den som har levd ei stund er det nok mange kjente slagrar og gode tekster.

Platecover

Programmet spenner vidt, men har gjenkjenning som ein raud tråd. Titlane viser dette:

* Minnenes melodi (Stordahl og Engedal, 1951/Solist Sigrid V. Bøe m. kor og tango-gruppe)
* Hvite måke * Møllerens Iren (Inger Jacobsens lettbeinte landeplage frå 1950-talet)
* Nordlands-netter (særleg flott poesi, av unge Sveinulf Jarnæs, som berre vart 33 år gammal)
* Måke, fortell (med bakgrunn i tragisk stormkatastrofe i Nordishavet 1954)
* Anna Lovinda (Erik Bye’s gripande ballade , med Øystein Moe som solist i spesialarr. av BG Bøe)
* Kjærligheten er det største (Bibel-inspirert slager av «Lyktemannen» i NRK på 1930-talet, Frimann Clasen og melodi av valsekongen Reidar Thommesen)
* The Joy of Love representerer retteleg «gammel-pop» (1700-talet, fornya til slager av Joan Baez i 60-åra)
*Etter Edelweiss følgjer meir vårstemning:
* Menuett i mai, Vidar Sandbecks herlege ungdoms-poesi; her i quasi-barokkarrangement
* No livnar det i lundar og
* Fager kveldsol smiler (perler frå nasjonaldag og skulestue, framført i klassisk kor-stil)
* Spiritualen Were You There
* Hymn to Freedom (Oscar Petersons hyllest til Martin Luther King, her i storslått utforming av Tingvoll-organist Tor Strand)
* The Rose av Amanda McBroom (1977) har fått norsk tekst og utforming av BG Bøe
* Tre nydelege svenske viser blir lekkert tolka og instrumentert av Øystein Moe: Jag väntar vid min stockeld (Dan Anderson/G. Turesson)
* Sjösala-vår (Evert Taube)
* Den första gång (Sjöberg). Tre spenstige hits frå «Fredmans Sånger» av Bellman rundar av programmet: Solen glimmar
* Fjäriln vingad
* Vila vid denna källa.

her kan du høre smakebitar fra Melodi-minner – klikk på melodien du vil høre:

Hymn to Freedom, Anna Lovinda, No livnar det i lundar, Jag ventar vid min stockeld og Minnenes melodi.

 

Publisert: 4. desember 2014, 21:09