Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Meir kvardagsdata i neste veke

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag  – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar.  Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa. 

Kvardagsdata for iPad
frå kl 12 – 14 på iPad og iMac o.l med tema som å sette inn ny appar, fjerne appar, organisering av appane, tekstbehandling eller notat, bildebehandling (redigering og lagring). Ta med passord til Apple-ID-en din. Vel møtt til alle som vil delta.

Kvardagsdata for PC
frå kl 19 – 21 med tema PC og bildebehandling: arkivering (filbehandling) og overføring av bilder frå telefon til PC, gjerne med bruk av «sky-lagring». Jo blir med. Vel møtt til alle som vil delta.

Først publisert: 16. februar 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 15. februar 2020, 18:11