Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Meir kaldvêr i vente

Meir kaldvêr i vente

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2012

Etter langtidsvarselet på yr.no blir det kaldvêr heile veka, og langt uti neste veke. Etter meldingane blir det kaldast torsdag, da det meldes om -12 grader. Det har og vore kaldt i helga, med temperaturar rundt -10 til -12 grader. Natt til måndag var det minimumstemperatur på -12,9 grader på Skogly, og dermed den kaldaste natta hittil i vinter. Men den rekorden står kanskje for fall i løpet av veka. Her finn du langtidsvarsel for Todalen.

Jon Bruset har registrert temperaturmålingar på Småhjellan sia 1990, og han har kika litt på historiske desembertemperaturar frå den perioden. Han fortel at kulderekorden kom 1.des. 2010, og den er på – 14,1.  I 2010 var alle dei 7 første døgna i desember under frysepunktet, og i fire av dei døgna var temperaturen under -10 eller lågare. Det skal bli sanande å sjå om den rekorden blir slegen i år.

Den høgste temperaturen i første uka av desember opplevde vi i 2000, da det vart notert +16,5 den 6. desember.  I 2006 var det og over +10 i 6 av 7 dager i starten av desember, så det kan være store avvik frå år til år.

Publisert: 3. desember 2012, 23:00