Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medlemsskap i Todalen.no

Det er mogleg for både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter å bli medlem i Todalen.no. For privatpersonar betyr dette medlemskort og eigarskap. Organisasjonar og bedrifter får logo på nettsidene med lenke til eigen side eller informasjonsside på Todalen.no. Vi prøvar å få publisert relevant informasjon så snart som mogleg og komma med redaksjonell omtale. Organisasjonar kan og få eiga underside på Todalen.no, kor alle nyheiter relatert til organisasjonen blir samla.

Medlemskontigenten blir brukt for å finansiere vidare drift av Todalen.no og premiar til konkurransar på sida. Vi håpar mange ser nytten i Todalen.no, og ynskjer å bidra til å halde den levande.

Støttemedlemskap

Den enklaste måten er å betale inn kontigenten gjennom nettbanken.

Medlemskontigenten er satt til 150 kr pr år.
Kontonummeret er då 4040 15 70219.

Her er det veldig viktig at du i feltet for meldingar skriv KVEN det er betalinga gjeld, då betalar og medlem ikkje treng vera den same. Vi vil prøve å levere medlemskort så snart som mogleg, eller sende det i posten om du bor utanfor bygda. Send oss i så fall postadresse på e-post: red@todalen.no eller gjennom kontaktskjemaet.
Vi kjem til å ha stand med salg av medlemsskap, og annonserer dette gjennom nettsidene på førehand.

Organisasjonar og bedrifter

For å bestille medlemsskap, send oss ein e-post på red@todalen.no eller bruk kontaktskjemaet. Om du har logo klar, kan du gjerne sende med denne. Vi brukar bilete med bredde på 180 px og høyde på maks 150 px, men er behjelpelege med å utforme denne om du har den i anna størrelse eller format. Medlemskontigent er satt til 1500 kr for organisasjonar og 2500 kr for bedrifter, men om nokon ynskjer å bidra med meir sett vi stor pris på det.

Har du noko spørsmål, kan du sende mail på red@todalen.no eller bruke kontaktskjemaet

Først publisert: 4. mai 2011, 07:25 - Sist oppdatert: 8. april 2015, 07:13