Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med vêr og vind til ettermiddagskaffen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2017

Ettermiddagskaffen til Todalen historielag er populær – søndag ettermiddag samla dei rundt 50 personar i ungdomshuset.  På programmet stod kåseri om ver og vind – ord og uttrykk med Gunnvald Bøe frå Bøfjorden.

Gunnvald Bøe innleia kåseriet litt humoristisk, da han forklarte at han slett ikkje kunne forklara kvifor det hadde vore så mykje vêr og vind den siste tida, men berre ord og uttrykk som var bruka for å omtala vêret.  Litt forskjell er det nok med bruken av ord og uttrykk i Todalen og Bøfjorden, men det var forbausande mykje som var likt.  – Det kan kanskje forklart med at det var fjorden som var ferdselsåra frå bygda og utover fjordane.

Gunnvald Bøe fikk ei rive for jobben – dermed vart det ein diskusjon om det var karrarive eller kvinnfolkrive – eller kanskje rakarrive eller ei breiarrive. John Moe er leiar i Todalen historielag.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det er sagt om vêret at det er alle som talar om det, men det er igjen som gjer noko med det.  Men ein er kanskje komen langt når ein kan omtale vêret og bruke ord og uttrykk som gjer at den du talar med skjønar kva du meinar.  Når ein omtalar snøfall som er kome med at det er kome ein skosnø, så forstår folk at det er rundt 10 cm som. På sama måte er knesnø litt meir – kanskje rundt 30-40 cm og rekk ein til knes.

Gunnvald hadde mange eksempel på ord og uttrykk, både frå ny og gamal tid. Nokre av uttrykka har faktisk historie heilt attende til vikingtida.  Hunddagan og Jakob Våthatt hadde si forklaring – eller kanskje fleire forklaringar.  Det same er det med vêrteikn – legg det seg skodde i Rambjøra, så er det ein indikasjon på at vi har meir regn i vente.  Eller dersom sauene kjem ned frå fjellet så er det teikn på at det blir dårleg ver og dersom svulua flyg høgt så er det teikn på det motsette – da er det godvêr i vente. 

Rundt kaffebordet – frå venstre May Elisabeth Holten, Eldrid Mahle, Kåre Sæterbø, Johan Ørsal, Per Reiten, Ragnhild Nes og Sigrun Ørsal. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Etter kåseriet var det kaffeservering, og vêrteikna og gamle uttrykk vart nok diskuterte saman med inntak av graut og nystekte bakels til kaffen.  Etter kaffen var det lysbildevisning. «Skannarpatrulja» – Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset viste gamle lysbilde. Dei arbeider no med innsamling av gamle konfirmasjonsbilde og med identifisering av konfirmantane på bilda. Dette engasjerte publikum, og det kom etter kvart fram mange opplysningar om namn og om bilde som manglar i serien.  Heilt til slutt vart det runda av med trekning i lynlotteriet som finansierer disse arrangementa.

Skannerpatrulja – Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset viste lysbilde frå arbeidet dei driv med å samle gamle bilete. Denne gongen var det gamle konfirmasjonsbilete som var tema og som vekte stor interessse. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Loddsal  –  Sven Olav Svinvik sørger for at Synnøve Talgø og Brit Hansen blir loppa for nokre kroner. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Historielaget minner også om aktivitetane vidare utover året.  Alt 28. februar er det filmkveld. Svein Åge Saksen har redigert saman ein videofilm om lokale hendingar frå 1990 og utover.  23. mars er det tid for årsmøte, og 21. mai er det ny kulturvandring på gang. Kulturvandringa blir denne gongen på Kvennset.

Først publisert: 22. januar 2017, 21:51 - Sist oppdatert: 24. januar 2017, 15:32