Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Torild og Tor Magne til Sjøasetervatnet

Vidar Sogge Laurdag 9. august 2014

Opptakten til denne stavgangturen var at Tor Magne Halset spurde om vi ville bli med ein tur opp på hytta hans ved Sjøasetervatnet, noko vi sjølvsagt takka ja til. Han ordna med busskyss opp, var sjåfør på bussen samtidig som han heile tida fortalde om områda vi køyrde forbi, og Torild hadde baka sjokoladekake som ho spanderte da vi kom opp på hytta. Tusen takk båe to! Ikkje ver trygg for anna enn at vi kjem til å spørja om å få koma att seinare år.

Elles vart det tid til besøk hos gode hyttenaboar, og eg avslutta turen med ein snarvisitt opp på Bållåthaugen og Syltnebba. Takk for ein flott dag!

Neste torsdag, den 12. august, køyrer vi i retning Halsa, passerer krysset ned til Bøfjorden og svingar straks etter av ved skiltet Settemsdalslettet. Følgjer denne vegen til Sollia. Ein person står ved vegen og viser parkering. Marsjen blir ein rundtur om Sollia til Haugaskarvatnet, Bjønnastøtta og ned Gammelvegen til Sollia att. Ta gjerne med stol.

216

På turen langs Sjøasetervatnet viste Fredrik Sjøflot oss restane etter ei gammel sluse. På slutten av 1940-talet, medan han arbeidde på Follerø Bruk, hadde han kvar dag jobben med å stenga slusa når arbeidsdagen nærma seg slutten.

Follerø hadde nemleg eige kraftverk som dreiv sag og høvel, men til langt ut i 1950-åra var det vasskrafta som dreiv mellombladet på saga. Vasskraft vart teke frå Sjøasetervatnet, og kvar morgon måtte slusa opnast for å gje vatn til turbinen før arbeidet starta kl. 7 om morgonen. Vatnet brukte ein time på vegen ned til Follerø, og når arbeidsdagen var over, måtte slusa stengast igjen.

Det var stort sett ungdomar i konfirmasjonsalderen som hadde ansvaret for opning og stenging av slusa, og dei måtte tidleg opp dersom vatnet skulle koma ned i rett tid. Klart at desse ungdomane kom i god form, noko vi kan sjå på ein kar som Leiv Strand, som også var ein av gutane som hadde denne jobben!  Han trur eg både sprang opp og opna om morgonen og stengde att om kvelden!

I 1949/1950 vart Follerø Bruk kopla til det kommunale kraftverket, og kraftverket på Follerø vart teke ned. (Kjelde: Surnadalsøra i gamle dager, nr. 4).

Vidar Sogge har teke mange fine bilde frå turen til Sjøasetervatnet.  Vi har lagt alle bilda i eit galleri nedafor – klikk deg gjennom!  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 9. august 2014, 07:23