Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med Sondre på hjortjakt

Med Sondre på hjortjakt

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2011

Forrige helg oppfordra vi til å sende jaktbilde til oss. Sondre tok utfordinga og har sendt oss e-post og bilder frå jakta i helga. Han skriv: » Øya/Bruset/Halset jaktlag møtte som vanleg mannsterkt opp, med både gammalt og ungt personell. Og med god temperatur og fint vær, var det eit godt utgangpunkt for (ei svettfull) jakt i liene på sørsia av bygda. Dagens første fangst vart ei kolle, med slaktvekt på 45 kilo. Rune Moe var skyttaren, og denne blei teke på Skarvøymyra oppi Øyalia. Fleire dyr blei observert utover dagen, utan at det fall noko. Etter at slaktinga tok vi eit ekstra jag nede ved elva i Øya, då det hadde vore observert fleire dyr der dei siste dagane.

Der dukka det plutseleg opp ein 10 taggar, som hadde rota geviret inn i noko rundballplastikk. Den ensa ikkje jagarane i første omgang, men etter kvart fekk han god fart og sprang i retning postane lenger ned mot elva. Bjørn Ståle Eikrem fekk til slutt has på han, og det viste seg at plasten han hadde rota seg inn i dekte heile geviret og sperra for store delar av synsfeltet hans. Slaktvekt på denne var 125 kg. Sundag var og jaktdag for sørsia, då blei Ørsallia jaga innover mot Haukåa. Bjørn Ståle Eikrem var og dagens mann denne dagen, og skaut ein 7 taggar oppe ved Svarthammrann. Slaktvekt på denne var 97 kilo.»

Nedafor finn du bildegalleri fra jakta.  Alle foto: Sondre Halset.

Publisert: 2. oktober 2011, 22:00