Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Snøhetta som turmål

Oda Halle, tekst og bilder Tysdag 29. juli 2014

Det har lenge vore i planane å bestige Snøhetta, og endeleg fekk vi både tid og anledning. Turen gjekk dermed for meg, Siv og Bjørn fredag kveld til Dovre, der vi pirat-campa på ein grusplass saman med likesinna, før vi køyrde til Hjerkinn laurdag morgon. 

Ved Hjerkinnhus kan ein parkere, mot betaling så klart, og ta skyttelbuss vidare til Snøheim. Bussjåføren vår denne dagen heit Gudleif Dalen, og han fortalde blidt at han var pensjonist og køyrde buss når han ville. Under den til dels humpete bussturen innover den milelange grusvegen fekk vi høyre om verneområdet, arbeidet med å rydde skytefeltet og dyra vi kunne sjå på turen. Da vi var komne så nære at vi fekk heile Snøhetta inn gjennom frontruta stoppa sjåføren bussen, og trur du ikkje han song ein song til oss!

Med to fulle bussar ved fyrste avgang fekk vi eit stort reisefylgje, men etter som turen mot toppen starta oppstod det ei bra spreiing. Frå Snøheim er det ein godt merka sti som fører til toppen av Snøhetta, og heile fjellsida lyser opp med raude T-ar. Med andre ord var det ein enkel sak å finne vegen dei seks kilometra opp til 2286 meters høgde. Litt vanskelegare vart da terrenget. Det vart mykje klatring og balansering på til dels store steinar før vi nådde toppen, og minst like mykje balansering da vi starta på vegen ned igjen.

DSC_0115

Heldigvis stod motivet roleg! Foto: Oda Halle

Været heldt seg bra heile dagen, med berre nokre få regndråpar straks før vi var nede ved Snøheim igjen. Deretter venta nok ein busstur for å komme tilbake til bilen. Også på turen heim sakna sjåføren farten, men denne gongen var det ikkje for å syngje, det var nemleg ein moskus som stod og beita 80 meter frå vegen. Han vart ivrig fotografert av alle passasjerar i fart gjennom dei møkkete bussvindauga (også meg).

 Deretter snudde vi nasen heimover igjen etter det vi må kalle ein vellykka tur.

Her finn du bildeglimt frå turen til Snøheim og Snøhetta     Alle foto: Oda Halle

Først publisert: 29. juli 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 28. juli 2014, 23:22