Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med Skeisnebba som mål

Med Skeisnebba som mål

Vidar Sogge Laurdag 18. juni 2011

Torsdag 16. juni la stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til hyttefeltet Skeisnebba. Veret var kjempeflott og humøret på topp da dei 32 deltakarane la ut på tur oppover vegen frå parkeringsplassen oppe i Skeisnebba. Martinus Torvik hadde som vanleg møtt opp for å orientera om turen i dag og om turen neste veke. Da skal stavganggruppa møtast ved Vang skisenter, og som avslutning på vårsesongen blir det der servering av bakels og graut! ”Håpar mange møter opp!” var oppfordringa frå Martinus.

Lengda på turen i dag varierte etter lysta, vonde kne og kondisjonen til deltakarane. Medan dei fleste gjekk til enden av vegen, drog Gunnhild og Tor Mogstad heilt opp til Ranessetra!

Mange andre hadde òg lyst til å dra til Ranessetra, men denne dagen hadde vi ikkje fotty til dette. Til hausten er det meininga å gjera om att turen, og da vil fleire stilla med støvlar/fjellsko og legga turen til den flotte, restaurerte setra bygd av stein.

Sjå bilda frå turen i bildegalleriet nedafor.   Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 18. juni 2011, 09:30