Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med  regnværet  kom  fiskarane  att

Med regnværet kom fiskarane att

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2010

Det har vore lite vassføring og få fiskarar i Toåa den siste veka. Snøsmeltinga er over, og den sparsome nedbøren den siste tida må nok ta skylda for dette. Regnværet i natt og formiddagstimane med påfølgande torevær utover dagen hjelper nok på. Ein kjapp runde rund bygda bekrefta at fiskarane igjen er på plass.

Ved Hengebrua i Brusetmarka traff vi familien Isaksen frå Harestua som hadde søkt ly for regnværet i gapahuken. Dei er veteranar i Toåa, og har leigd seg inn hos familien Brøndbo på Falløya. Dei har fiska i Toåa i den siste 10-årsperioden, og «måtte ein tur til Todalen» før ferien tek slutt i år også.

Jane Isaksen er heime på perm frå jobben som radiooperatør i ISAF-styrkane i Afghanistan. Ho tok den første fangsten allereie etter ein knapp halvtime. Den var ikkje stor, men stor nok til at den nok havner på lunchbordet i løpet av dagen.

Publisert: 1. august 2010, 12:51