Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med kurs for Roparen

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2016

Stavganggreuppa held koken, og denne torsdagen var det Roparen som var målet. Med start og målgang ved alpinsentret bar det etter skogsvegen utover mot Roparen, som ligg oppå hammaren ovafor Surnadalsøra.

Det er ein fin tur, som går fårste biten etter ein skogsveg før den fortsett etter ein godt market tursti utover mot roparen. Passende langt for ein spasertur på kveldstid også, og jammen blir du belønna med flott utsit utover Syltøran med MøreTre, Byggmakker og Hageland ved utløpet av Surna – til Glærem og heile nedre Surnadal.

IMG_7914

Puse i alpinanlegget etter turen til Roparen. Foto: Sigrun Ørsal

Etter turen samlast Stavganggruppa til sosial kaffepause på terrassen ved Surnadal alpinsenter før dei drog heim – kvar til sitt.

Sigrun Ørsal hadde med kamera, og sørga for mange fine bilder til bildegalleriet nedafor.

 

Publisert: 2. juni 2016, 20:00