Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med julekonserten kom julstemninga

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2019

Når Bernt Bøe og P17-koret inviterer til julekonsert da veit du at julestemninga er på gang, og at jula egentlig nærmar seg med stormskritt. Søndag kveld var julekonserten i Todalen kyrkje, og i tillegg til P17-koret var konserten forsterka med Nina Ryan Braaten som gjestesolist og med koret Pønsj frå Kristiansund – og sjølvsagt kasta veteranen Tor Strand frå Tingvoll glans over arrangementet med orgel og piano.

Koret Pønsj kom frå Kristiansund. Dei er eit bevis for at eit kor ikkje treng til å være stort for å være bra, sa Bernt Bøe som var musikalsk leiar. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det vart ein flott kveld med både korsong og allsong.  Mange forskjellige kor, for P17-koret deltok både som blandakor, mannskor og damekor. Om koret Pønsj, sa Bernt Bøe at dei var eit bevis for at eit kor ikkje treng til å være stort for å være bra.  – Pønsj bidro med to songstunder og til saman 8 songar.  Dei starta med «Long desember night», «Kling no klokka» og «Nordnorsk julesalme» i første songstunda, og fortsette med «i eit lite hus», «O helga natt», «Nocturne», Se for et vær» før dei avslutta med White Christmas.  Pønsj kom godt ut av todalsbesøket, og personleg vart eg mest begeistra for «Nordnorsk julesalme». 

Nina Ryan Braaten debuterte som gjestesolist under julekonserten. Ho får vi nok høyre meir til. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Denne kvelden hadde også P17-koret med seg ein gjestesolist. Det var Nina Ryan Braaten som debuterte med «The Christmas Song», saman med Tor Strand på piano. Nina er nyinnflytta todaling, og vi reknar med at vi får høyra meir til ho etter kvart. Ho fekk iallfall massiv applaus for sin opptreden under konserten.

P17-koret hadde eit rikt program denne kvelden, og starta med «fager er den himmel blå» og så gikk det slag i slag gjennom kvelden med mange av dei kjente julesongane.  I finalen var det deilig er jorden som stod på programmet.  Her song alle kora saman dei to første versa og siste verset som allsong saman med kora.  Den som ikkje hadde kjent på julestemninga før, kom nok i god julestemning da!  

Tor Strand trakterte piano og orgel, og er fast inventar på julekonsertar i Todalen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

P17-koret med sin dirigent Bernt Bøe. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Mannskoret song eit par nummer aleine under konserten. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

John Moe takka publikum på vegne av Todalen sokneråd som var arrangør saman med P17-koret. Foto: Jon Olav Ørsal

bernt G. Bøe er dirigent for P17-koret og var musikalsk leiar for konserten i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 8. desember 2019, 22:39 - Sist oppdatert: 9. desember 2019, 06:18