Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med EM i sikte

Elinor Bolme Sundag 10. august 2014

Iris Finnøy, fast ferierande i Todalen sidan ho var lita, gjer det for tida svært godt innenfor sporten bueskyting for sin klubb Harøy bogeskyttarlag. Ho er saman med 9 andre teke ut til EM i Tallin fra 15.-20. september, som einaste kvinne. Dette er hennar andre internasjonale mesterskap. Ho deltok i fjor under VM i Italia og endte der på ein fin 5. plass.

Idretten er inndelt i fire ulike klassar, der Iris representerer i langbue. Her er det skudd av tre pilar, utan siktemiddel mot plastikk dyr, 3D. I år har ho vore i satsningsgruppa til Norges bueskytterforbund, og har dermed fått god kontakt med Ronny Edvardsen frå Kvanne og Surnadal bueskyttarlag som har deltek internasjonalt. Det betyr at om Iris ferierer med familien på den gamle tønnefabrikken ved Ørskog, så er det optimale treningsforhold i området.

Konkurransen er inndelt slik:

  • Dag 1 og 2: Innleiande runder.
  • Dag 3: Dei 16 beste konkurrerer.
  • Dag 4: Dei 8 beste konkurrerer.
  • Dag 5: Finaleskyting blandt dei 4 beste i kvar klass, med rom for publikum.

image

 

Her frå norwegian open i juli. Iris og dei andre gullvinnarane. Vi ønsker ho og resten av EM-laget lykke til!

Først publisert: 10. august 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 8. august 2014, 19:56