Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Dorsin i oppkjøringa mot Norway Cup

Elinor Bolme Måndag 21. juli 2014

Nesten samtlege spelarar på Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sitt G14 lag møtte i kveld opp til kveldens trening på Søyabanen. Og det var kanskje ikkje så rart, sidan Micke Dorsin kom i ens ærende ned frå hektiske omgivelser i RBK-leiren i dag for å lede gutane under kveldens fotballtrening. Avtalen var gjort på eit tidleg tidspunkt i sommar, og kvelden i kveld var einaste ledige som Dorsin hadde på det tidspunkt, sidan laget spela kamp heime mot Sogndal i går og dreg på onsdag til Irland for å spele UEFA Europa League kamp mot Sligo Rovers.

Som om ikkje dette var nok kom også trenarbyttet i Rosenborg i dag og toppa det heile, utan at dette påverka Micke Dorsin på Søyabanen i kveld. Han var nok litt reservert mot å utdjupe dagens hendelser, som til slutt førte til at RBK trenar Per Joar Hansen måtte forlate  jobben som trenar. Men med fleirte ivrige fotballkarar på Søyabanen i kveld vart det klart at ny trenar ut året vart Kåre Ingebrigtsen, med Micke Dorsin med seg på laget, før treninga var over. Og da vart det enda meir stas at Dorsin tok turen nedover til kveldens treningsøkt.

Og det verka som om gutane også sette pris på besøket. Dei var ivrige og ikkje minst lærevillige, og turde slettest ikkje juble overhode da ein av dei klarte å score på han. Etter at treninga var over inviterte han samtlege spelarar og støtteapparatet opp til Lerkendal på heimekampen mellom Rosenborg og Sarpsborg 24. august. I tillegg til kamp ønska han også å treffe dei på stadion etter kampen. Og da vart det endelig liv i unggutane!

Heid Snekvik var også oppmøtt på treninga. Ho delte på vegne av Talgø AS ut fotballbager til samtlege spelarar som skal delta på Norway Cup i år. Bagane hadde påtrykt initialer til den enkelte spelar, og måtte brukast under opphaldet i Oslo. Ho oppfordra til Fair Play-spel og håpa at dei fekk varige minner undr opphaldet. I kveld fekk altså J16 og G14 sine bagar, og J14 og G16 får sine før avreise til Oslo i løpet av veka.

Under er nokre bilder frå økta med Micke Dorsin og G14. Alle foto ElinorB

Publisert: 21. juli 2014, 22:33