Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med Dalabotnan som turmål

Med Dalabotnan som turmål

Jon Bruset Tysdag 2. oktober 2012
Etter ein sommar der det var langt mellom finversdagane, har hausten starta med fint turver. I dag (2.okt.) vart det tur til Dalabotnan.
Start frå Kårvatn og opp forbi Naustådalsetra til Tverråbotn. Derifrå gjennom Revholbotn og Kvennåbotn og utover Talgønebba. Nedturen gjekk så utetter Slåkjen og ned til Litjlia og etter grei stiga ned Seterlia og heimover etter Røyskattvegen.
For den som vil gå om trimposten på Haukarsteinen er det like greit å ta seg over Romåa og gå ned den vegen. Sett av ein dag og ta turen . Anbefales herved !
Nedafor finn du eit flott bildegalleri frå turen, og ein skikkelag smak av haustfjellet.  Alle foto: Jon Bruset
Publisert: 2. oktober 2012, 20:00