Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med auka vassføring vart det fart på laksen

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

Den siste veka vart det fart i laksefisket.  I veke 32 er det meldt inn 27 laksar som er tekne i Toåa, så laksefisket har hatt ein skikkeleg oppsving etter at det vart skikkeleg vassføring og fiskarelv.  Natt til laurdag hadde vassføringa ein topp på heile 82,5 m3/sek ved Storfossen – i skrivande stund på måndag føremiddag er vassføringa ved målestasjonen på 7-8 m3/sek og det er fin fiskarelv.

Elveeigarlaget har fulgt nøye med på laksefisket og har sett at det er mykje laks i elva, men det har vore alt for liten vassføring og sjølvsagt for høg temperatur til at laksen har vore bitevillig. Dette vart det altså forandring på i forrige veke og med auka vassføring kom også fiskarane tilbake til elva.  I Toåa er det slutt på fisket 15. august, så no er det ein hektisk innspurt på årets sesong.

Denne oppsvingen i vassføringa berga sesongen for meg, seier Ola Einar Øyen, som bur like ved Brusethølen og som i helga tok 3 laksar – den største på 7 kg. Han fiska laurdag etter og søndag på Ramsøyvaldet og fikk ein på 7,0 kg, ein på 3,5 og ein liten ein på 1,5 kg.  Ola Einar likar laksefisket godt, men i år har han stått over på grunn av lita vassføring.  Men med helgas resultat er Ola Einar kjempenøgd med fangsten.

 

Publisert: 13. august 2018, 10:22