Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med aner frå Todalen

Med aner frå Todalen

Ole Petter Talgø Onsdag 6. juli 2011

Mandag var Barthold Halle for fyrste gong i Todalen sidan 1970. Då besøkte han bygda saman med sønnane. For nokre vil kanskje dette navnet vera kjent, då han har vore svært aktiv som instruktør innen teaterlivet, og har vore teatersjef ved Oslo Nye Teater fra 1978 til 1984.

Bestefaren til Barthold Halle flytta frå Todalen til Kristiansund for å bli skulestyrar, kor faren Johan Halle blei født. Barthold sjølv er født i Horten, men har hatt fleire besøk i Todalen gjennom åra. Sommarane 1942 og 1943 arbeida han som dreng i Austigarden på Kvendset. Han minnast at han var med å sleppe hestane på beite i Kvensetdalen. Minnet om opphaldet i bygda har vorte noko drømmeaktig sidan den gongen, men er imponert over aktiviteten i bygda. Blant tinga han la merke til, var at mange av bygningane i bygda var i betre stand enn tidlegare.

Sidan 1970 har han altså ikkje vore i Todalen, men tok ein tur innom med familien då dei kom frå bryllup på Frøya. Då vart det rundtur på Kårvatn, Todalen Brygge, Gammelfabrikken og Todalshytta. I tillegg til det vart det ein tur på Storhaugen og kaffelag i Austigarden.

Med seg hadde han to sønner, to barnebarn med kjærester og kjæresten Wenche Medbøe. Wenche kan nok også være kjent for nokre, som skodespelarinne. Hun er klar med oppføringen «Oscar og den rosa damen» på Det Norske Teateret i november. Morten Halle, sønn av Barthold, er musiker, og framførte «Juleverset» på saksofon på Todalshytta. Den andre sønnen, Jesper Halle, har fulgt enda tettere opp mot farens yrkesvalg, og er dramatiker fra teater, radio og fjernsyn.

Morten Halle framførte Juleverseet på saksofon.
Publisert: 6. juli 2011, 12:54