Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mauseth med «Marmor og bronse»

Mauseth med «Marmor og bronse»

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. september 2012

 Fredag kveld opnar Ole Mauseth utstillinga «Marmor og bronse» i Finstuå på kulturhuset. Det blir ei jubileumsutstilling både for kulturhuset og for Ole Mauseth, for det er 10 år sia han hadde utstilling i kulturhuset og utstillinga er eit av jubileumsarrangementa for Surnadal kulturhus. Denne gongen er det altså skulpturar han stiller ut, og det er første gongen at det er ei utstilling med berre skulpturar i Finstuå.

Den siste veka har han vore oppteken med montering og klargjering til opninga, som altså skjer fredag 7. september kl 19.00.  Kunstnaren Ole Mauseth er utflytta surndaling, og er kanskje mest kjet for teikningane sine. Men dei siste fem åra har han i hovudsak arbeidd med skulpturar og det vil nok prege utstillinga i Finstuå.

Publisert: 6. september 2012, 22:19