Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Maursund» stakk til havs

«Maursund» stakk til havs

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2013

Etter at dei to siste turane frå Todalen til Svinvika var gjort unna, stakk Maursund til havs og på heimveg til Harstad. Oppdraget var fullført, og nå er det fokus på neste oppdrag som er brønnboring på Svalbard. Det var mesta vemodig å ta avskjed med det trivelege mannskapet på 5, som har stått på for å frakte todalingar og andre sia dei kom hit natt til måndag 5. august. I skrivande stund, tysdag  kl 18.50, er dei på veg forbi Brekstad på Ørlandet på stø kurs mot Harstad.

Vi nyttar høvet til å takke for hjelpa vi har fått fra denne eineståande gjengen. For bilferja Førdefjord vil det nok bli som å hoppe etter Wirkola når dei no er komne for å overta trafikken med bilar. Vi håpar at dei også har den same sporty ånda og vil yte oss ein god service til vegen opnar om ei stund.

Publisert: 13. august 2013, 18:58