Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken blir Coop?

Jon Olav Ørsal Måndag 6. oktober 2014

Dagens nyheitsbombe er nok Coop Norges kjøp av ICA Norge. Coop bladde opp 2,5 mrd. for ICA Norge som til saman har 553 butikkar rundt omkring i landet. Det har lenge vore kjent at ICA Norge har hatt store problem med sine butikkjeder i Noreg, som mellom anna står attafor Matkroken-kjeda der L. Hals EFTF AS er tilslutta.

Det er først i dag at denne nyheita er kjent, og det er mange ting som skal avklarast før vi blir omprofilert til Coop-butikk, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no. Mellom anna skal avtalen godkjennast av Konkurransetilsynet, og det vil nok ta litt tid. Det er difor ikkje avgjort kva butikkprofil Matkroken Todalen vil få, om det blir ein av dei eksisterande Coop-profilane eller om det framleis blir Matkroken eller noko nytt. Dette er detaljar som Coop og ICA vil starte diskusjonen om no.

Terje Nordvik har sjølvsagt HalsOil på tanken.  Foto: Jon Olav Ørsal

HalsOil blir ikkje berørt av avtalen med Coop, fortel Terje Nordvik. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Terje Nordvik er glad for at dette no er avklart, etter at både han og dei tilsette på Matkroken har levd lenge i det uvisse om skjebnen til butikken. Det ligg no an til at butikken blir profilert som ein Coop-butikk og blir drevet på ein franchiseavtale, der Coop er vareleverandør og konsepteigar, medan Terje Nordvik driv butikken for eiga rekning. Uansett er det positivt at vi framleis vil ha ein skikkeleg daglegvarebutikk i Todalen som bygdefolket vil støtte opp om.

Les også kva Driva.no skriv om saka.

 

 

Først publisert: 6. oktober 2014, 17:42 - Sist oppdatert: 9. oktober 2014, 07:46