Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken: Bakels og smultringar i lange baner…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. november 2013

Fredag og laurdag har stått i nærbutikkens tegn i Todalen. Dei to dagane har det vore kampanje for å «Handle heime», eller rettare sagt å bruke nærbutikken der du bor. Dette har skapt unormal stor aktivitet i kaffekroken, der direktøren sjølv har servert kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag. Johansen bakeri sørga for nykoka smultringar på fredag og Karen Johanne Talgø var innhyra til grautkoking og bakelssteiking på laurdag. Dette vart suksess, fortel Terje Nordvik som sjølv har vore servitør.

«Handle heime»-aksjonen har vore eit samarbeid mellom nærbutikkane, Kommunal- og regionaldepartementet og Merkurprogrammet. det er tiltak for at folk skal ta helgehandelen heime – der dei bur. Aksjonen går over heile landet, men er spesielt mynta på bygder og grender som slit med folketalet og har problem med å bevare butikken og skulen sin.  Matkroken L. Hals er ein slik «sistebutikk», og dei er med på denne aksjonen.

Vi har nokre bilde frå den storstila servering som har foregått i kaffekroken fredag og laurdag.   Foto: Karen Johanne Talgø og Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. november 2013, 22:27