Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Markering av kulturminnedagen søndag 9. september

Markering av kulturminnedagen søndag 9. september

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. september 2012

Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.

Arrangementet startar søndag 9. september klokka 12 i fjøset, og først på programmet står Eistein Bæverfjord som mellom anna vil vise sin film om Åsskard Bygdekvinnelag, – ein møtestad for kvinner gjennom 60 år. Vidare vil Nils Røv halde eit innlegg med utganspunkt i dagens tema.  Både Eistein og Nils er habile og dyktige historieformidlarar – og kanskje blir det også musikalske bidrag frå dei begge.

Det vil bli sal av kaffe og bakels, og det er ope i museumsutstillingane frå kl. 12 – 16.  Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen historielag, Stangvik historielag og Surnadal museum.  Velkomne til kulturminnedag !

Først publisert: 4. september 2012, 17:57 - Sist oppdatert: 2. mai 2013, 00:01