Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange vart med på Kløverrusletur

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Rullator er ein lur ting! Jenny og Kitty kviler på rullatorane sine, medan Ingrid er klar til å gå. Foto: Dordi JH

Måndag 28. mai var det tid for årets første RUSLETUR, og riktig mange møtte opp for å vere med på trim med kaffelag i godt turver.

Turen var lagt til anlegget til idrettslaget oppå Tjønnmyrå. Dette er ein perfekt plass for rusletur der gapahuken er flott å ha som base. Kvar og ein kan få godt turfølgje og rusle rundt i passande tempo etter flate vegen eller ta med bakkane. Dei sprekaste kan ta heile runden på 1,6 km. I tillegg er Tjønnmyrane litt utanom allfarveg slik at det blir ein retteleg tur.

Nesten alle som var med på turen i dag. Her er gjengen samla framfor den flotte gapahuken. Foto: Dordi J H

Ved kaffebordet vart det samla 29 personar; kanelsnurrar, graut og bakels gjekk ned på høgkant. Triveleg prat og gode skrøner rundt borda.

Her er det skikkeleg langbord! Foto: Dordi J H

Neste måndag melder Sanitetsforeninga at det er vanleg kløvertur, da er turmålet Vorphaugen. Men om 14 dagar blir det ny rusletur, muligens i området på Kårvatn.

Karar i godt driv. Frå venstre: Eivind, Nils, Svein og Hans. Foto: Dordi J H

Rusta til å ta ut på tur. Frå venstre Gro, Grete, Ingeborg, Marit og Sigrun. Foto: Dordi J H

Triveleg med kaffelag. Foto: Dordi J H

 

Riktig fint turområde. Fremst Karen Johanne og Synnøve. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 28. mai 2018, 18:11