Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange nye søknadar innvilga

Elinor Bolme Fredag 31. mars 2017

Svorka har no behandla alle sponsorsøknadane som kom inn innan søknadsfristen 15. mars. Fokuset til Svorka er å aktivt ta eit samfunnsansvar og gi noko tilbake til lokalsamfunnet, og dei har ein klar strategi der dei ønsker å gir litt til mange i staden for mykje til få. De fleste tildelingene i mars/oktober er på kr 1.000,- til kr 3.000,-, unntaksvis kr 5.000,- til kr 10.000,- for spesielt viktige prosjekter / aktiviteter fortel Janne Ragnes i Svorka. Sponsing av lokale lag og foreninger er kjempeviktig for oss, og vi er glade for å kunne bidra lokalt.

Det innebærer at dei no har innvilga støtte til nesten 50 av dei mottekne søknadane så langt i 2017. I løpet av året blir ca 1 million kroner delt ut med smått og stort fordelt på dei tre nedslagskommunane Surnadal, Rindal og Halsa.

Sjå heile oversikta på Svorka.no. Og fekk ikkje laget ditt denne gongen er det nok berre å prøve på ny når ny søknadsfrist går ut den 15. oktober igjen.

Publisert: 31. mars 2017, 15:17