Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange deltok på kyrkjegardsdugnaden

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2019

 Kyrkjegardsdugnaden torsdag kveld var fort unnagjort. Mellom 40 og 50 kom for å delta på dugnaden, og med effektiv leiing var dugnaden ferdig i løpet av eit par timar.  Da var kyrkjegarden og området rundt ferdig rydda og raka og det vart tid til ein lang kaffepause før alle dro kvar til sitt.

Det var soknerådet som inviterte til tradisjonell dugnad for å rydde etter vinteren og få vekk gamle lauvblad og kvistar og få vekk litt gammel fynne før gras og busker begynner å vekse til igjen.  Det er tradisjon at dugnaden er unnagjord før konfirmasjonshelga og det vart da med god margin i år. I år er det konfirmasjon i Todalen kyrkje søndag 19. mai.

Hit skal restar av glas, plast, porselen og sorglys kastes. Det er restavfall som skal sendast vekk.  Foto: Jon Olav Ørsal

Kyrkjetenar Oddvar Væge var overvelda av deltakinga på dugnaden. – Vi har vore heldige og hatt mykje folk på alle dugnadane våre i år. – Det er tydeleg at kyrkje betyr mykje for folk og vi er veldig gald at vi får så god hjelp.

Væge var imidlertid oppteken av at folk skulle sortere avfallet rett.  I kontainerne for naturavfall er det viktig å sortere berre slik avfall som råtnar bort, medan restar som inneheld glas, plast, streng og andre ting skal sorterast til restavfall som skal sendast vekk.

Kyrkjegarden i Todalen har også fått ny plenkløppar og ny snøfres. Her er det behov for reiskapshus, og kyrkjeadministrasjonen har kome med forslag om å bruka det gamle bårehuset som ikkje har kjøling og dermed ikkje lenger er godkjent, og det tykte dugnadsgjengen var ei god løysing.

Publisert: 9. mai 2019, 19:10