Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Maltøl  til  jul

Maltøl til jul

Jon Olav Ørsal Fredag 18. desember 2009

Ølbrygging til jul har lange tradisjonar, og no ser det ut til at tradisjonane går vidare. Todalen.no har fått ei «avhandling» om ølbrygging i tekst og bilder frå Kristen Bruset og Frode Grønmyr:

20. november vart det sett igang bygging av maltøl i Brusetnessa, og denne veka var det klart til å smaka på ølet. Brygging av maltøl er tradisjon enkelte stader i landet, men kanskje ikkje så vanleg på våre trakter lenger.
Det gjekk med ein heil dag til brygginga, og mykje var lagt til rette før vi kunne starte. Ingrediensar og utstyr var gjort klart tidlegare. Dagen starta med fyring under storgryta og oppvarming av vatn. Meskinga gjekk føre seg ved at det varme vatnet vart sila gjennom den knuste malten i fleire omgangar. Neste steg var koking av vørteren og tilsetjing av humle ved ulike tider.
Før tilsetjing av gjær vart vørteren kjølt ned til riktig temperatur. Samstundes med dette vart gjærkulturen gjort klar. Denne vart slått over i vørteren da riktig temperatur var nådd. Det heile stod til gjæring under gunstige temperaturvilkår i fleire dagar før vi tappa ølet over på flasker.
Prøvesmakinga gjekk føre seg om lag tre veker etter tappinga. Ølet vart ikkje så verst!
Sjå bildegalleriet nedanfor. Alle bilde:Frode Grønmyr

Publisert: 18. desember 2009, 00:03