Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målrik kamp på Bordholmen.

Elinor Bolme Måndag 18. september 2017

Det vart ein målrik kamp på Bordholmen i kveld når Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen fekk besøk frå G12 Batnfjord. KUST tok leiinga ved Martin Kvande-Talgø, men Batnfjord tok over kommandoen og gjekk til pause med god margin. I pausen hadde KUST fått summa seg litt, og fekk bedre dreis over spelet og hadde fleire fine nettkjenningar. Til slutt enda det med 7-11 til Batnfjord.

KUST er eit av samarbeidslaga som er denne sesongen, og har spelarar både frå Ålvundfjorden, Ålvundeidet, Kvanne og Todalen. 

Keeper Aleksander Husby Rakocevic hadde fullt opp til tider, og avverga mange store sjansar.

Gutane på samarbeidslaget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen ved godt mot trass tap på Bordholmen.

Publisert: 18. september 2017, 21:27