Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målrik kamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 31. august 2016

Onsdag kveld var det duka for nytt lokaloppgjer på Bordholmen, da mellom Søya/Todalen G 10 og Surnadal G 10 – 5. Det vart ein underhaldande kamp med mange gode skott, store målsjansar og gode redningar framfor båe måla. Mange fine skåringar vart det, og. Dei unge fotballspelarane var dyktige, og innsatsen var stor frå båe laga.

IMG_9171

Surnadal G 10 – 5. Fremst: Gracjan Kahs. Bak frå venstre: August Aleksander Leivdal Sjøflot, Christian Moen Hårstad, Patrick R. Moen, Iver Grimsmo, Johannes Hamnes Øye, Aron Rodal Haugen. Foto: Dordi J H

Heimelaget var litt heldige og fekk god medvind i siste del av første omgang, det er ikkje noko ulempe på fotballbanen. Kampen var artig og målrik med over 20 mål til saman på dei to laga, og det var heimelaget Søya/Todalen som gjekk av med sigeren.

IMG_9177

Hjørnespark for Surnadal. Foto: Dordi J H

Trenar for Søya/Todalen G 10 er Lars Inge Kvande, medan Bjørn Gunnar Ansnes er lagleiar. For Surnadal G 10, 5, er Anders Grimsmo trenar, og John Øye er lagleiar. Dommar for denne kampen var Emma Sæther.

IMG_9175

Kjekt med trøbil. Frå venstre Hallvard, Nicole og Maria. Foto: Dordi J H

Det var god stemning både på og utanfor banen. Dei vaksne nytta høvet til å ta ettermiddagskaffen og få ein triveleg prat på Bordholmen, medan trøbilane og trøsyklane er populære mellom den yngre garde.

IMG_9181

Spelarane frå Surnadal er klare til å takke for kampen. Foto: Dordi J H

IMG_9182

Kampen er over, og gutane frå Søya/Todalen er klare til å takke. Foto: Dordi J H

Først publisert: 31. august 2016, 22:02 - Sist oppdatert: 1. september 2016, 09:48