Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Målkalas  for  G12  Søya/Todalen

Målkalas for G12 Søya/Todalen

Elinor Bolme Måndag 27. september 2010

I kveld var det siste kamp i seriespelet for G12 laget Søya/Todalen. Dei møtte eit ungt Surnadalslag som dei bokstavleg tala overkjøyrde.

Gutane spela godt i begge omgangane, tildels med direkte ballkontroll både i forsvar og angrep. Tilslutt vart det ein overlagen seier; ca 14-4, i følge trenar Kristian Gjeldnes, då todalen.no sin utsendte tilslutt hadde mista tellinga…

Etter kvar kamp er skikken å takke for oppgjøret.

Ein godt fornøgd gjeng med vinnarar.

Publisert: 27. september 2010, 21:30