Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måldiplom til Nathan Lediard

Dordi Jorunn Halle Fredag 17. november 2017

Torsdag kveld arrangerte Surnadal Heimbygdlag Kultursjå i Surnadal kulturhus; det vart ein svært så variert og innhaldsrik kulturkveld med godt oppmøte.

Måldiplom til Nathan Lediard

Fotograf Nathan Lediard var hyra inn til kulturkvelden for å fortelje om arbeidet sitt som fotograf. Han kunne fortelje at han fekk det første kameraet sitt som femåring av mor si, som var ein ivrig amatørfotograf. Og sjølv har han vore oppteken fotografering heile livet. Men han utdanna seg ikkje som fotograf; læraren hans på vidaregåande skule sa nemleg til han at å vere fotograf ikkje var noko skikkeleg yrke. Så han starta på landbrukshøgskule og arbeidde i mange år innafor skogbruk og landbruk. Til slutt bestemte han seg likevel for å bli fotograf og tok fagbrev.

No har han eige studio i Surnadal, og han er ein allsidig fotograf som tek oppdrag over heile landet, men mest i Midt-Noreg. Han arbeider med reklame, illustrasjon av bøker, tek oppdrag for industribedrifter som Talgø og Møre-Tre, og ikkje minst så er han ein habil natur- og portrettfotograf.

Trygve Roaldset overrekkjer måldiplom og blomster til Nathan Lediard. Foto: Dordi J H

Nathan Lediard er fødd i England og kom til Noreg i 1998. Han gjekk på norskkurs i Oslo og tok Bergenstesten – på bokmål. Læraren hans vart svært så overraska da han kom med ønske om å lære nynorsk, det var umogleg – dei hadde korkje bøker eller tilbod om det. Så han måtte skaffe seg bøker og lære seg nynorsk sjølv! No er han nynorskbrukar, også i arbeidssamanheng. Dette verdsett heimbygdlaget, og Lediard fekk måldiplomet for 2017. Trygve Roaldset, leiar i heimbygdlaget, delte ut prisen og sa at målprisen blir delt ut med ujamne mellomrom til kandidatar som heimbygdlaget gjerne vil vere med og synliggjere og heidre. Lediard fekk prisen for «medviten, god og  talespråknær målkbruk i marknadsføring og presentasjonar i yrket sitt som fotograf.» Roaldset slo også fast at Nathan Lediard er ein uvanleg dyktig fotograf!

Sigurd Brørs imponerte med gode tekster og fine melodiar. Han gjer alt sjølv, einmannsband! Foto: Dordi J H

The Brørs og pappapop

Sigurd Brørs har drive med musikk heile livet, og han fekk den første gitaren sin som liten gut. Han lagar både tekster og melodiar sjølv og song på engelsk fram til han for nokre år sidan gjekk over til å synge på surnadalsdialekt. No er han i gang med prosjektet «Pappapop» – han vart far til ei grom jente for eit år sidan. Han har laga elleve låtar med utgangspunkt i fødselen til Runnaug  og pappalivet, og målet er å kunne gje ut songane på CD om eit års tid. Surnadal Heimbygdlag og Surnadal sparebank støttar prosjektet, og han mottok ein sjekk på 20 000 kroner.

Liv Dalsegg frå Surnadal sparebank og Trygve Roaldset frå Heimbygdlaget delte ut sjekk til Sigurd Brørs. Foto: Dordi J H

Nordmøre husmorskule

Einar Oterholm gav ut boka «Historia til Nordmøre Husmorskule» våren 2017. Han presenterte boka si med ein interessant kortversjon av historia og mange fine bilete. Husmorskulen starta opp i Straumsneset, men vart flytta til Halsa i 1940. Boka er flott og rikt illustrert, mellom anna er det skulelbilete av alle kulla frå 1921 og til og med vårkurset 1977!

Kirsti Skei har vore elev ved Nordmøre Husmorskule. Her er ho i lag med forfattaren Einar Oterholm. Foto: Dordi J H

Farmen-Kristian

Kristian Djupnes er kjent frå programmet «Farmen» i TV 2. Han er blitt noregsmeister i maskinmjølking fire år på rad. Etter det det han sjølv sa, så er det ikkje så stor deltaking i dette meisterskapet, men dei som er med, er drivande flinke! Kristian har mor frå Surnadal og er både sterkt knytta til bygda og godt kjent i kommunen. Han er fødd i Harstad, men har har budd på fleire forskjellige stader i Noreg. Han fortalde om seg sjølv på ein artig og underhaldande måte og på mange forskjellige dialekter: nordlending, trøndersk, surnadalsk, gudbransdalsdialekt, og dialekter frå Gjøvik og Toten.

Kristian Djupnes( til venstre) var eit triveleg innslag på kulturkvelden. Her er han i lag med konferansier for kvelden Svein Sæter. Foto: Dordi J H

Ein vellukka og triveleg kveld vart avslutta med «Vårsøg», Sigurd Brørs spela og Kristian Djupnes var føresongar.

Amin og Rays synte fram rytmisk og fin dans frå Afghanistan. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Publisert: 17. november 2017, 02:58