Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Må ha 5 treff innafor sirkelen!

Må ha 5 treff innafor sirkelen!

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juli 2013

Skal du på storviltjakt må du kvart år avlegge skyteprøve. No er Søya og Todalen skyttarlag godt i gang med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Det er enno 4 måndagskvaldar att, før laget avsluttar årets oppskyting. Det blir måndagane 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8.  Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00 

Før du kan avlegge skyteprøve må du ha 30 prøveskot, fordelt på 2 kveldar. Når dette er unnagjort, kan du avlegge skyteprøve mot skive med dyrefigur. Her må du ha 5 skot, som alle må være plassert innafor ein sirkel på 30 cm på dyrefiguren. Skyteprøven må takast med godkjent jaktammunisjon.

Standplassledar Olav Arne Nes fortel at det har vore jamt trøkk på skytebanen denne kvelden, og reknar med at det blir mange skyttarar også dei neste kveldane. Han oppfordrar derfor skyttarane til å møte opp frå starten, slik at dei får fulle lag på kvar skyting dei neste kveldane.

Bilder frå skytebanen i Ranheimsvingen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juli 2013, 21:24