Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
LysVåken

LysVåken

Elinor Bolme Sundag 27. november 2011

LysVåken- eit nasjonalt prosjekt i Den Norske Kyrkja. I Todalen Kyrkje vart det attpåtil eit historisk prosjekt, då det for aller første gong vart overnatta i kyrkja. Dette var eit arrangement i regi av Todalen Sokneråd i tråd med ein landsomfattande aksjon der det er fokus på å innvolvere og bli kjent med kyrkja si.  Todalen sokneråd innviterte dermed alle frå 5. til 7. klasse til å overnatte i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Rundt halvparten av ungane stilte på arrangementet, og dei som gjorde det fekk oppleva ein litt anna laurdagskveld.

Det var dei driftige damene Ildri S Øyen og Signe Grønmyr som var «nattevaktar» og primus motorar for opplegget. Dei hadde ordna med ulike aktivitetar som dei held på med utover kveldinga. Her fekk ungane blandt anna kvar si gravlykt å tenne for å sette på eit gravsted. Ellers hadde dei rebusar, juleverkstad og nystekte bollar til kveldsmat.

Les meir om LysVåken her.

Under ser de nokre bilder av aktivitetane dei hadde for seg. Alle foto ElinorB

Publisert: 27. november 2011, 19:47