Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lysmesse

Lysmesse

Elinor Bolme Sundag 28. november 2010

I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent. 

I tillegg var 5.klassingane inviterte til å motta bibel frå soknerådet. Her er Jens Olav Moe, Ola Bolme, Oda Kårvatn og Emma Sæther ved lysgloben.

Her er og årets konfirmantar med, frå venstre Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø. Prest som vanleg var Bernt Venås, som hadde eit stramt program, då han skulle vidare til lysmesse i Stangvik Kyrkje etterpå.

Publisert: 28. november 2010, 22:06