Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lysmesse og nytt kyrkjeår

Lysmesse og nytt kyrkjeår

Elinor Bolme Sundag 2. desember 2012

Årets konfirmantar hadde forberdt seg godt til dagens lysmesse då dei saman med sokneråd og prest Dag Øivind Østereng ringte inn til nytt kjyrkjeår og lysmesse på 1. søndag i advent. Her var det stilfull inngangsprosesjon saman med dagens dåpsbarn, foreldre og prest, etterfulgt av lystenning og bokutdelinger.

Mange unge hadde tatt turen til Todalen Kyrkje i dag, då dei var spesielt inviterte til å motta 4-årsbok, 6-årsbok eller bibel.

Stilfull inngang av tre av årets konfirmantar og dåpsborn med foreldre og prest.Konfirmantane var delaktige under heile lysmessa, både med tenning av adventsstake og den tradisjonelle 7-arma lysestaken.

Vesle Oda Marie Moe vart bore til dåpen av sin far Brynjar. Mor, faddrar og små hjelparar følgjer spent med.

Edel Terese Mikkelsen Karlsen får 6-årsboka av soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.

Ein lystig gjeng som fekk utdelt 4-årsbok, 6-årsbok og biblar. Her representert av 1. klassingar Johan Ranes, Van Adrian Ansnes og Edel Terese Mikkelsen Karlsen, og 5. klassingane Kristian Hauglann Talgø, Bror Sæther og Eivind Bolme. Prest Dag Øivind Østereng.

Publisert: 2. desember 2012, 22:52