Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luftforsvarets musikkorps imponerte

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2016

Det er lov å ha store forventningar når du går på konsert for å høre proffesjonelle musikarar. Laurdag hadde Luftforsvarets Musikkorps konsert  i Stangvik kyrkje –  28 proffesjonelle musikarar, og faktisk det einaste proffesjonelle korpset i regionen – og dei innfridde forventningane.

Dei kunne by på eit variet program med sin store sjangerbredde og bydde på smakebitar både frå Griegs Haugtussa og frå Tolvskillingsoperaen, og til og med ein liten «Zagorsk» av Sommero.  Det var Torodd Wigum som var dirigent og denne gongen hadde dei med seg festivalartistane Isa Katharina Gerike og Maija Skille som solistar og Else Bø fikk ein gjestopptreden på klaveret.

DSC_3076

Sopranen Isa Katharina Gericke opptredde i lag med Luftforsvarets musikkorps i Stangvik kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Men det spørs kor lenge vi kan nyte slike musikarar. Luftforsvarets musikkorps er i ferd med å bli ein salderingspost i forsvarsbudsjettet som blir barbert på alle kantar. Det er no kome forslag om at korpset skal leggjast ned, saman med marinemusikken i Horten. I tillegg er det forslag om at dei korpsa som blir att skal brukast berre til direkte støtte til Forsvaret, Kongehus, Regjering og Storting.

Vi er enig med Marianne Meløy som etter konserten heldt ein apell for at vi skal få ha Luftforsvarets musikkorps som er det einaste profesjonelle murikkkorpset i regionen vår!

Bildegalleri frå konserten med Luftforsvarets Musikkorps i Stangvik kyrke.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. juli 2016, 21:09