Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalmat og reiseliv i praksis

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2018

 Fylkesmannen i Møre og Romsdal satsar sterkt på lokalmat og reiseliv, og det har i dag gjeve seg utslag i besøk av rådgjevar Aud Lindset Drågen rundt omkring i bygda. Drågen var invitert av grendeutvalt i Todalen, og var først på ein runde rundt i bygda, og skal seinare i kveld delta på eit møte med same tema i ungdomshuset.

Men på runden var landbruksrådgjevar Elin Moen, næringssjef Harald Bredesen, leiar i Todalen bondelag Ståle Ansnes og frå grendeutvalet i Todalen møtte Ragnar Halle og Carsten Bohle .

Runden starta i Svinvika, der Kristina Svinvik og Sven Olav Svinvik orienterte om historia til garden og om planane som Kristina og mannen Tore har for drifta. Kristina fortalte at dei i løpet av hausten startar ombygginga av fjøset til restaurantdrift, og har lagt planer for det.

Ein tur innom arboretet er også naturleg når ein er i området. Katarina Wedelbäck Bladh tok i mot og viste rundt i arboretet – sjølvsagt knytt til historia om Anne og Halvor Svinvik som etablerte arboretet på tampen av krigen.

På Hjellnes står gammelnorsk spel i høgsetet. Foto: Jon Olav Ørsal

På Hjellnes trefte vi Torill Gjeldnes og Per Åke Jakobsson som er drivarar i Oppistua i dag. Dei har rundt 170 vinterfora sauer av rasen gammelnorsk spel.  I tillegg til kjøttproduksjon har dei anna produksjon som er knytt til saueholdet, slik som skinnforedling.

Vidare bar turen til Viastua, der Gudmund, Wenche og Ola tok i mot. Dei oriente om både gardsdrifta og om Viastua gardsmat som driv matproduksjon og husflid.  Dei fortalte elles om planane dei har for vidare utvikling av drifta.

I Utigarden var det Olaug Kvendset og Asgeir Longva som tok i mot og viste rundt i nyfjøset. Olaug orienterte om prosjektet Todalen Meieri, der ho saman med Anders Gjeldnes vil starte gardsmeieri med produksjon av gamalost og yoghurt i første omgang.

Så var Austistua neste stopp, der både Olav Halle fortalte om drifta der og Håvard Halset orienterte om driftsform og måte på Halset.  Så vart det ballmiddag på Todalshytta, før ferda gikk til hjørnesteinsbedrifta Talgø MøreTre og omvisning med Nils Ove Bruset. Talgø MøreTre har i løpet av det siste året flytta fabrikken frå Surnadal og har 30-40 personar i elementproduksjon her, og fleire vil nok kome etter kvart. Talgø MøreTre har eit investeringsprosjekt på gang med investeringar på rundt 120 mill i Todalen og Surnadal fram mot 2020.

Drågen var imponert over kor mange idear som har vokse fram og ho oppmoda til å dra lasset saman og hjelpe kvarande. Eit eksempel på det er at på Hjellnes leverer lammekjøtt til restauranten i Svinvika. Handlar du lokalt er du nemleg med og støttar lokalmiljøet.

Etter at vi takka for følget skulle dei vidare til Todalen Mjølk i Pestua, til Kårvatn og ein tur innom Gammelfabrikken. Vidare er det invitert til møte i Todalen ungdomshus i kveld, der det er same tema.

Bildegalleri frå rundturen i dag finn du nedafor – alle bilder Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. juli 2018, 19:42