Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale godbitar endeleg å finne på Hals!

Guro Redalen Tysdag 29. september 2020
Ein god grunn til å svinge innom Hals-bua dei næraste dagane er at Todalen Meieri no for første gong har varer til sals i butikken.

Det er tre typar yoghurt: naturell, søt og tyttebær. Ellers er det ferskost naturell og ferskostkuler i krydderolje. 

 -Vi håpar det blir teke godt i mot, og at bygdafolk og andre handlande kjøper produkta. Det er aktuelt med fleire produkt etterkvart, men vi er avhengige av folk kjøper seier Anders Gjeldnes. Det er han og Olaug Kvendset som står bak Todalen Meieri.
 

Anders Gjeldnes opplyser òg at dei i nærmeste framtid kjem til å ha stand i butikken med smaksprøvar. Så då ordet berre å vere frampå om du er skeptisk … 

Logoen til Todalen Meieri er forresten inspirert av gjenstandane i skattefunnet frå middelalderen ved Utigarden på Kvendset der mjøka i produktane kjem frå, og er designa av Ingun Redalen White.

Publisert: 29. september 2020, 18:24