Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Loddsalg  for  aldersheimen

Loddsalg for aldersheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2010

Snart er det basar på Aldersheimen i Stangvik. Ingri Bruset og Steinar Gjeldnes frista med mange fine basargevinstar da dei dreiv førehandssalg på ICA Todalen laurdag formiddag. Og Steinar, som var «kasserar» kunne fortelje at loddsalget gjekk strykande.

Ingri Bruset fortalte at det er Pårørandeforeinga ved Stangvik Aldersheim som skal ha basar og som no driv førehandssalg på ICA Todalen, i tillegg til at dei skal ein runde rundt bygda på loddsalg. Seinare blir det basar og sjølvsagt trekning på Aldersheimen i Stangvik.

Publisert: 30. oktober 2010, 11:00