Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Livet med MS Tollesund

Livet med MS Tollesund

Elinor Bolme Onsdag 14. august 2013

Bil, buss, båt, litt spasering og så bil. Dette er kortversjonen av ein ordinær morgon for dei som har starta opp att med arbeid etter ferien i Todalen. Ein styrer ikkje sjølv heilt sin eigen kvardag, men gjer det beste ut av det. Men for å få dette til å gå opp, er stort sett alle nødt til å ta hurtigbåten MS Tollesund.

Tollesund kom til Todalen allerede to dagar etter at raset gjekk og starta med organisert persontransport. Ombord er to likandes karar frå Solund, ytst i Sognefjorden. Skipper Per Daniel Losnegård på 22 år og matros Yngve Lien på snart 20. Dei vart hitsendt i ferien sin for å bistå med skyssen, men må no til helga forlate båten og opphaldet sitt i Todalen til fordel for det «normale» liv. Yngve skal etter helga byrje på styrmannsskulen i Måløy i Nordfjord, medan Per Daniel skal utatt på fiskebåt. Det betyr at todalingane får nytt mannskap på fredag/laurdag, og ungutane har lagt lista rimeleg høgt for dei to som kjem og avløyser dei… For her snakkar vi service med både kaffe, bagasjebering og ikkje minst  ei hand å halde i ved behov!

Dei er oppmøtt med eit smil til kvar avgang, om det er kl 06.00 eller om det er klokka 20.45, men skipper Per Daniel ymtar frampå at avgangen kl 12 kunne vore strøket for deira sin del, då det er smått med pausar i løpet av ein dag. Dei har første avgang klokka 06.00 på morgenen, og ligg ikkje til kai på Todalsøra før klokka 23.30 om kveldane. Men i motsetning til MS Maursund har desse karane i alle fall sveleservering. Og med ein del «turist» på helgeavgangane har leverandør Arvid Halle fullt opp med påfylling.

Dagane har gått i eit for unggutane, men dei har likevel fått med seg eit par pubkveldar og treft lokalbefolkninga der også. Dei har naturlegvis ikkje eigen bil i bygda sidan dei kom sjøvegen frå Solund. Dei får låne  Elisabet Halle sin ved behov, når dei fer i mellom Tollesund og Bruvollen der dei leiger husrom.

Todalsbefolkninga kjem nok til å minnast både båt og mannskap på Tollesund ei god stund framover. Men det kan kanskje hende at dei minns opphaldet i Todalen også?

Under er nokre bilder frå livet rundt og med Tollesund. Alle foto ElinorB

Publisert: 14. august 2013, 08:35