Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Litt forbedring

Litt forbedring

Elinor Bolme Onsdag 20. april 2011

I dag var Per Gjeldnes atter ein gong utkalla til å ta litt forefallande arbeid på vegen mot Kårvatn. Denne gongen var det ei stikkrenne nerast innmed Kårvatn gard som hadde godt i stykker som måtte utskiftast. Av dette hadde det vorte eit hol som var utruleg djupt etter kvart som grusen hadde forsvunne i den øydelagte røyra.

Ellers hadde kommunen vore og merka av to punkt til som er usette for vegtrafikken. Den eine ved Kufallfossen ovafor Falla, og den andre ved Ordalen, like nedafor Innerdalsmerket. Nokre todalen.no trefte på fotorunden i dag, meinte at dette var på høg tid etter ei og ei halv veke med desse tilstandane.

 

Her ved Kufallfossen vart det også seinare på dagen rydda opp.

Per Gjeldnes rettar opp att nokre av hola igjen. (Foto:Kristian Mossing +hovudbilete)

Publisert: 20. april 2011, 21:00