Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litt avhengig, kvar einaste dag?

Elinor Bolme Sundag 27. juli 2014

Per i dag har vi litt over 120 personlege medlemmar på todalen.no som er med og bidreg til at sida er oppdatert så å seie kvar einaste dag i tillegg til lag, organisasjoner og berifter. Vi har den seinare tid som nokon kanskje har observert laga ein eigen «knapp» slik at det skal bli enda enklare å bli personleg medlem og støtte opp om sida. Den ligg til ei kvar tid til høgre for nyheitssakene som du er inne på. Eit slik medlemsskap kostar berre 100 kr per år og har ingen fordeler, utover at ein støttar redaksjonelt arbeid og øvrig drift av sida som for snart 5 år sidan såg dagen lys.

Gå hit for å lese meir, og kanskje fylle ut skjema for medlemsskap: Bli medlem

 

Vi er også på Facebook, under navnet Todalen, der vi legg ut linkar til fleire av sakene som publiserast på www.todalen.no. Vi ligg per i dag rundt 830 likarar, men har ingen ting i mot at fleire følgjer oss. Trykk enten på linken på framsida vår eller HER, om du er registrert som Facebookbrukar.

image

 

Bedrifter og lag/foreninger har litt andre vilkår som ønsker medlemmer. Les meirom dei HER

Først publisert: 27. juli 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 23. juli 2014, 22:06