Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litt av eit vêrbruk i helga …

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2016

I nattens mulm og mørke har vi faktisk hatt 5-årsflaum i Toåa – utan at nokon har lagt så mykje merke til det.  Utover gårdagen var det mykje regn, og saman med mildvêret vart det regn og snøtining heilt til topps i fjellet. Rundt midnatt var vassføringa på topp, og målaren ved Storfossen viste klokka 23.45 heile 84,12 m3/sek. Det er den høgaste vassføringa som er notert dei siste åra.

Brusetbrua fotografert fredag kveld kl 10 – enno steig vassføriinga eit par timar før toppen vart nådd. Foto: Jon Olav Ørsal

Vassføringa ved midnatt nådde omtrent grensa for å kalle dette for 5-årsflaum – den går nemleg på 86,8 m3/sek har NVE rekna ut. Ordinær flaum er pr definisjon når vassføringa er over 74,4 m3/sek og den grensa vart passert i 22-tida.  Frå midnatt vart det kaldare i fjellet, og dermed kom nedbøren som snø og det dempe fort nedatt flaumen.  Så når det grydde av dag laurdag morgon så var vassføringa ved Storfossen kom ned på rundt 40 m3/sek – altså ei halvering frå midnatt.

Publisert: 26. november 2016, 13:27