Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Litjtausa, to feler kan lyfte tak!

Litjtausa, to feler kan lyfte tak!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. oktober 2010

Onsdag var det skulekonsert, og da fekk vi besøk av to felespelande damer på skulen. Dei spela så busta fauk og sjarmerte publikum. Elevane var både med å klappa, song og dansa, så dei sjarmerte musikarane! Det vart ei kjempefin musikkstund i hallen. Musikarane heiter Julie Alapnes Normann og Marie Fårr Klåpbakken, dei spelar både tradisjonsmusikk og eigenkomponert musikk. Og dei viste at dei er opne for nye impulsar ved å spele ein låt av Michael Jackson.

Det er Rikskosertane og fylkeskommunen som arrangerer skulekonsertane – det er eit flott tiltak for oss!

Nedafor finn du fleire bilete frå konserten i bildegalleriet.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 14. oktober 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 13. oktober 2010, 22:30